Historikk Publisert 07. november 2014 Oppdatert 26. oktober 2015 Sogn og Fjordane fylke vart skipa då Bergenhus amt vart delt i to i 1763. Fylkeskommunen har eksistert sidan 1837, i si noverande form sidan 1976. 19. september i 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Nordre Bergenhus amt (frå 1919 Sogn og Fjordane fylke). Han hadde embetsstad på heimegarden på Kaupanger. Det første fylkestinget Då formannskapslovene kom i 1837 oppstod fylkeskommunen som folkevalt styringsnivå – samstundes med kommunane. Det første møtet i fylkestinget fann stad på gjestgjevarstaden Tross i Dale 30. juli 1838. Kommunestyra valde medlemane i fylkestinget fram til 1976. Ordførarane vart oftast valde som utsendingar til fylkestinget. Folketalet i kommunane avgjorde kor mange medlemar kvar kommune valde. Fylkeskommunen og Fylkesmannen var eitt Amta i Noreg vart gjort om til fylke i 1919. Amtmannen, som var statleg embetsmann og administrativ leiar, hadde frå 1919 tittelen fylkesmann. Ingolf E. Christensen var den første fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Det vi i dag kjenner som fylkeskommunen og Fylkesmannen var ein og same institusjon fram til 1976, med felles statleg styrt administrativ leiing. Den første fylkesordføraren Frå 1963 vart det vald ein fast fylkesordførar for heile den fireårige valperioden. Fylkesordføraren var den fremste politiske folkevalde med særskild politisk makt. Tidlegare vart det for kvart fylkestingsmøte valt ein «formann» då fylkestinget kom saman. Fylkesmannen var framleis administrativ leiar. Den første fylkesordføraren i Sogn og Fjordane var Ragnvald Terum Winjum (V) frå Aurland. Han vart alvorleg sjuk etter at han vart vald i 1963 og fekk ikkje leie noko fylkesting. Fylkesvaraordførar Nils J. Helgheim (Sp) frå Jølster tok over etter Winjum og sat ut perioden til 1967. Oversikt over fylkesordførarane i Sogn og Fjordane. Direkte val til fylkestinget 1. januar 1976 oppstod fylkeskommunen i si noverande form. Det førte til ei stor omorganisering. Fylkeskommunen og fylkesmannen skilde lag, og vi fekk fylkeskommunen slik vi kjenner han i dag. Frå hausten 1975 fekk vi direkte val av medlemer til fylkestinget. Blant desse vart det valt ein fylkesordførar. Vidare vart det skipa eigen fylkeskommunal administrasjon med fylkesrådmann som leiar. Han erstatta fylkesmannen som øvste administrativ leiar. Odd Søfteland var den første fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane. Oversikt over fylkesrådmennene i Sogn og Fjordane. Fylkeshuset opnar Fylkeshuset i Leikanger vart teke i bruk i 1989. Heile administrasjonen i fylkeskommunen – utanom kulturavdelinga – flytta då inn under same tak. Før det heldt administrasjonen til på seks ulike stader på Leikanger. Kulturavdelinga har hatt kontor i Førde sidan avdelinga vart oppretta i 1978. Fylkesordførarar i Sogn og Fjordane:
1963–1963
|
Ragnvald Terum Winjum, Venstre, Aurland
|
1963–1967
|
Nils J. Helgheim, Senterpartiet, Jølster
|
1968–1975
|
Leif Iversen, Høgre, Vågsøy
|
1976–1987
|
Ola M. Hestenes, Senterpartiet, Gloppen
|
1988–1991
|
Julius Fure, Høgre, Selje
|
1992–1995
|
Sjur Hopperstad, Senterpartiet ,Vik
|
1995–1999
|
Knut O. Aarethun, Arbeidarpartiet, Lærdal
|
1999–2011
|
Nils R. Sandal, Senterpartiet, Gloppen
|
2011–2015
|
Åshild Kjelsnes, Arbeidarpartiet, Flora
|
2015–
|
Jenny Følling, Senterpartiet, Gaular
|
Fylkesrådmenn i Sogn og Fjordane
1976–1977
|
Odd Søfteland
|
1977–1997
|
Svein Lundevall
|
1997–2006
|
Per Drageset
|
2006–2012
|
Jan Øhlckers
|
2012–
|
Tore Eriksen
|
Del dette: |