Glemt Passord?

Rutine for opplæring i bruk av arkivplan

Arkivplanen skal vera lenka til portalen.

Ved alle nytilsettsamlingar skal det vera ei innføring om arkivplan og bruken av denne. 

Arkivtenesta skal ha ein gjennomgang av arkivplanen med alle nytilsette kort tid etter at dei er byrja i stillinga. 

Opplæring arkivplan

Arkivleiar  og Superbrukargruppa er ansvarleg for kurs i Arkivplan og bruk av sak/arkivsystem.

Jurist er ansvarleg for kurs i lovverk.

 Planlegging av kurs fram mot 2020.

 Nytilsette får kort innføring , ein til ein og får øve seg til dei skal ha basis - kurs innan tre månader .

Basiskurs

Arkivplan, lovverk og ESA- bruk.

Det må vera to instruktørar per kurs. Det er mykje teknisk som skjer og det er mange som treng ekstra hjelp. I utgangspunktet planlegg vi to kurs per halvår og set av dato i god tid. Einingsleiar har ansvar for at dei tilsette møter.

2 - dagars kurs kan bli splitta opp , men vi prøver å velja to dagar etter kvarandre. Kursa skal innehalde kurs i arkivplan og lovverket. Reknar 1 time på kvar av desse.

Arkivkurset blir blanda inn i ESA - kurset.

Temakurs

Vi kan køyre tema - kurs innimellom. Desse held vi ut frå erfaringar vi gjer oss. Døme arkivering via plugin eller e - signering. Desse kursa skal vera korte og presise.

 Vi planlegg første kurs i februar/mars.  Planlegg og lag oppgåver til 2 - dagars kurs. På kurset må deltakarane prøve litt sjølv. Kartlegging og info må sendast ut.