Glemt Passord?

Fysioterapeut

Fysioterapitenesta nyttar fagsystema Physica og Cosdoc.

Fysioterapi

 

Utskriftsvennlig versjon     

Inngåande post

Vanleg post vert levert i postkassen til Askvoll fysioterapi, medan intern post vert levert direkte til Askvoll fysioterapi. Postkassen heng på postkassestativ mellom Kiwi og Aska Næringsbygg i Askvoll sentrum. Posten vert henta i postkassen av ein av fysioterapeutane, og deretter fordelt til dei aktuelle fysioterapeutane.

For kommunale fysioterapeutar: Opna post vert sortert etter innhald. Henvisningar vert enten levert til fysioterapeut direkte, eller lagt i raud perm for venteliste. Henvisningar som står på venteliste blir også registrert elektronisk i journalsystemet Physica av dei private fysioterapeutane. Brev angåande hjelpemidler til brukarar i kommunen vert lagt i journalmapper i arkiv som står på dei kommunale fysioterapeutane sitt kontor. Epikriser, medisinske opplysningar og journaldokument vert scanna inn i journalsystema Physica eller Cosdoc (varierer etter kvar pasientane har journal/tenester). Dokumenta vert seinare makulert. Post som ikkje inneheld pasientopplysningar vert lese, og deretter sortert i aktuelle mapper eller kasta.

Utgåande post

Brev, hjelpemiddelsøknader og dokumenter vert sendt frå Askvoll fysioterapi, legekontoret eller omsorgskontoret. Det vert oppbevart kopi, enten i papirform (eks. søknadar om hjelpemiddel) eller elektronisk. Vi nyttar ikkje e-post ved sending av sensitive pasientopplysningar.